HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD

Frå dyrlegens kvardag

Frie feittsyrer

Ein av parametrane som mjølkekvaliteten blir vurdert ut frå er frie feittsyrer, og desse bør liggja godt under 1,1 for at mjølka skal vera lagringsdyktig, ha god smak og ikkje minst vera eit godt utgangspunkt for alle gode meieriprodukta me har i Noreg.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Det er rikeleg med E-vitamin i friskt beitegras, så når dyra kjem ut på godt beite, pleier nivået av frie feittsyrer å gå ned på tankmjølka. Desse kyrne på beite på Tvangen på Hafslo i Luster kommune har ingenting med det aktuelle tilfelle å gjera.

Nivået av frie feittsyrer vert høgt viss membranen rundt feittkulene i mjølka er svekka og ensym i mjølka kjem i kontakt med feittet som i sin tur gjer at nivået av frie feittsyrer stig. Her i Sogn er det mykje konsentrert haustkalving, og no når våren er kommen, er kyrne komme godt ut i laktasjonen, og hjå enkelte produsentar hender det at nivået av frie feittsyrer stig på tanken.

Ta høge verdiar på alvor

Ein produsent fekk nokre høge målingar av frie feittsyrer rundt påsketider, men det gjekk ned att til normalt av seg sjølv utan at han sette i verk tiltak. Gjennomsnittet av prøvane vart også godt under grensa på 1,1, for mars, så han var bra fornøgd. Det var derfor ikkje heilt «lyn frå klar himmel» då svaret frå analysen av tankmjølkleveransen for litt sidan tikka inn med 2,8 i frie feittsyrer. Dette utløyste ein telefon til meg, men også til dei dyktige rådgivarane til Tine i mjølkekvalitet.

Rett i sluken

Det var allereie gått nokre dagar sidan prøven han fekk svar på var tatt, så det fyrste produsenten gjorde etter denne høge målinga, var å sjekka korleis det stod til med mjølka som allereie var komme på tanken i mellomtida. Ved å smaka og lukta på tankmjølka, var det lett å kjenna at denne ikkje hadde tilfredstillande kvalitet, for høge nivå av frie feittsyrer gir tydeleg lukt- og smaksfeil på mjølka. Produsenten tok ikkje sjansen på å levera denne til Tine, og heile tanken vart tømt ut i sluken.

Strakstiltak

No måtte han setja inn tiltak umiddelbart for å få ned nivået av frie feittsyrer. Rådgivar innan mjølkekvalitet kom raskt til garden for å sjekka at mjølkingsutstyret fungerte skikkeleg, og produsenten fekk ein grundig gjennomgang av tiltak som kunne og burde setjast i verk:

  • Det vart handla inn E-vitamintilskot og gitt kyrne umiddelbart. E-vitamin er ein viktig antioksidant som det kan bli lite av i grovfôret, særleg viss fôret var blitt hausta under krevjande værtilhøve.

E-vitamin er også lite lagringsdyktig i grovfôr, slik at nivået fell ofte utover i sesongen.

  • Dyra må få dekka energibehovet sitt, og ein må sjå til at magane fungerer godt på dyra. Her auka han kraftfôrrasjonen og gjekk over frå andreslått til fyrsteslått fordi dyra såg ut til å vera noko «sure» i vomma. Det låg gulpeballar framme i fleire liggebåsar, og fleire hadde litt for laus avføring. Dette var «strakstiltak», men fôringa må me sjå meir på når situasjonen er komme under kontroll.

  • Det vart tatt ut kukontrollprøvar av alle dyr for å sjå om det var enkeltdyr som var «verstingar», og som kunne skiljast ut. Eigar tok også den store jobben med å smaka på alle prøvane av enkeltdyr, for raskare å kunne ta ut kyr med avvikande smak. Han tok ut fem dyr han syntest smaka dårleg.

Pila peikar rett veg

Ved neste leveranse var feittsyrene på tanken komme ned i 1,4. Det var ei kraftig forbetring, men framleis er dette for høgt. Kyrne likte ikkje smaken på pulveret med E-vitamin slik at det var vanskeleg å få dei til å eta det, men når eigar strødde det på grovfôret, klistra det seg til fôret, slik at han fekk det i dei. Magane på dyra såg også ut til å bli raskt betre når han gjekk over frå andre- til fyrsteslått, slik at pila peikar rett veg.

Ved den tredje målinga var frie feittsyrer komme ned i 0,7, og dette viser at tiltaka er til god hjelp. Produsenten ynskjer å komma lenger ned på nivået, og han skulle gjerne hatt nokre skikkeleg låge målingar, slik at gjennomsnittet for månaden vert så lågt som råd. Han må likevel belaga seg på at nivået for Elitemjølk ryk i april, og han mister mogelegheit til å få utmerking for god mjølkekvalitet i tillegg til at dette vart ein kostbar seanse med både dårlegare betaling for levert mjølk, tap for kassert mjølk, ekstra arbeid og sut i tillegg til innleigt rådgiving.

Dyrkjøpt erfaring

Han må likevel sjå på dette som ei dyrkjøpt erfaring og dra lærdom av dette til seinare. Framover skal han ha meir fokus på fôringa og prøva å unngå underskot på energi i tillegg til å følgja godt med på at magane er i orden. E-vitamintilskot er også ei billeg forsikring å gi på etterjulsvinteren for å unngå at nivået av frie feittsyrer stig for mykje.